Fast Helgestilling Ved Øyane Dps

il y a 2 semaines


Ohey, Belgique Helse Bergen Temps plein

**Vi søker nye, flinke medarbeidarar**

Øyane DPS er eit av tre DPS knytt til divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus.

Vi held til på Sotra, ca 15-20 minutt frå Bergen.

Allmenn døgnseksjon har 10 sengeplassar og er ein open seksjon som primært tilbyr korttidsbehandling, og er ledd i ein behandlingskjede for menneske med allmennpsykiatriske lidingar. Vi mottar pasientar frå fastlege, AAT, Psykiatrisk klinikk, mottakspost PAM og somatiske avdelingar på Haukeland sjukehus. Allmenndøgn har tett samarbeid med allmennpoliklinikken og AAT.

Det er ønskeleg at du har erfaring frå døgnpost og at du likar å ha ein variert arbeidskvardag. Vi ønsker at du er løysingsorientert, samarbeidsvillig og at du kan bidra positivt inn i eit godt arbeidsmiljø. Avdelinga er ein spennande og utfordrande arbeidsplass med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.

Vi oppfordrar også studentar/assistentar til å søke.

For tida har vi 2 ledige stillingar med arbeid p.t. kvar 3. helg på 19% og 18,60%
- Søknadsfrist:
- 12.02.2023- Arbeidsgivar:
- Helse Bergen- Stillingstittel:
- Fast helgestilling ved Øyane DPS allmennpsykiatrisk døgnseksjon- Stillingar:
- 2- Heiltid / Deltid:
- Deltid- Tilsetjingsform:
- Fast- Stillingsprosent:
- 19- Webcruiter-ID:
- 4611413866- Sosial deling:
**Arbeidsoppgåver**:

- Administrering av medisinsk behandling (sjukepleiar/vernepleiar)
- Planlegge og iverksette behandlingsplanar og miljøtiltak (sjukepleiar/vernepleiar)
- Bygge relasjonar til pasientane
- Bidra til eit trygt og forutsigbart postmiljø
- Praktiske oppgåver

**Kvalifikasjonar**:

- Sjukepleiar, vernepleiar og helsefagarbeidar må ha norsk autorisasjon
- Det blir lagt vekt på personleg egnethet
- Studentar/assistentar blir også oppfordra til å søke
- Søkarar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg

**Personlege eigenskapar**:
Vi ønsker medarbeidarar som:

- har respekt for kvar enkelt pasient
- er sjølvstendige, løysingsorienterte og målretta
- har god struktur og samtidig evne til å vere fleksibel
- har gode kommunikasjonsevner
- har evne til å ivareta og handtere engstelege pasientar samt evner til å førebygge konfliktar og aggresjon
- er tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
- er serviceinnstilt overfor pasientar og kollegaer
- ønsker og evner å ta i mot rettleiing

**Vi tilbyr**:

- Eit dynamisk miljø med mange læresituasjonar og moglegheit for personleg og fagleg vekst
- Kursing i MAP - møte med aggresjonsproblematikk
- Fagleg og personleg utvikling/tverrfagleg internundervisning
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons
- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA bedrift)

Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering

**Blombakkane 75, Straume, 5353**:
**Opne vegbeskriving
- Kontaktinformasjon**Nordvik, Øyvind**
- Seksjonsleiar
56326619
- **Pedersen, Per-Christian Tang**
- Assisterande Seksjonsleiar
56326633